Påldtun frukt og bær
På garden Påldtun i Nordfjord legg vi barndomsminne på flasker og glas etter oppskrifter frå mor si heimelaga saft og besta sitt syltekott.
På garden Påldtun i Nordfjord legg vi barndomsminne på flasker og glas etter oppskrifter frå mor si heimelaga saft og besta sitt syltekott.
Fakta
Kort om Påldtun frukt og bær
På garden Påldtun i Nordfjord har det blitt dyrka frukt og bær i generasjoner. Dei gode solforholda mellom fjord og fjell gir eit godt utgangspunkt for fruktdyrking.
I tillegg til å levere bær til konsum starta Veronica og Magne med vidareforedling i 2012. På denne måten får dei brukt frukt og bær som elles ikkje ville gått til butikk. Dei lagar saft, syltetøy, fruktmost, gelear og hermetisk frukt av frukt og bær frå eigen gård eller andre lokale fruktdyrkarar. Det å bruke lokale krefter er viktig for dei, og er eit vinn/ vinn for lokalsamfunnet og for levande bygder.
Sommaren 2021 sette dei opp ei lita salgsod på garden «syltekottet» Her kunne kundane få handle Påldtun produkt i tillegg til ferske bær. Dette året skal Påldtun utvide konseptet sitt og satse på turisme i tillegg til lokalmat. Dei skal bygge ei hytte på toppen av fruktfeltet. Her får turistane ei flott utsikt over fjord og fjell mellom blomstrande frukttre, og dei vil ha utleige av båt til fisking.