Homlagarden

Økologisk kalkun og kylling frå Hardanger

Homlagarden

Økologisk kalkun og kylling frå Hardanger

Fakta

Adresse:
Aksnesvegen 70
5600 Norheimsund

Kontaktperson:
Kristine Håland
kristine@homlagarden.no

Telefon
484 64 438

Nettsted
homlagarden.no

Kort om Homlagarden

«Skal det i framtida også vera liv laga på denne planeten, meiner eg all menneskeleg aktivitet bør dreiast mot økologisk tenkemåte og handling. Dette er noko av drivkrafta bak drifta i Homlagarden.¨
-Bjørn Brynjolf Pedersen-

Homlagarden ligg brattlendt og fritt til over fjorden på Aksnes i Kvam, Hardanger. Eigar Bjørn Brynjolf Pedersen har vore lidenskapeleg oppteken av fugl sidan han var liten, og då han kjøpte bruket i 1974 var det med 10 kalkunkyllingar på flyttelasset. Sidan då har flokken vakse seg til fleire tusen fuglar. I dag er det sonen, Brynjolf, som har teke over den daglege drifta medan Bjørn får gjere det han likar best, nemleg å stelle med fuglane og utvikle enno betre system for dyrevelferd og bærekraft.

Kyllingar frå eigne økologiske foreldredyr
Homlagarden har som einaste fjørfeprodusent i Noreg opparbeida eige rugeri med økologiske kyllingforeldredyr. Gjennom utprøving med importert avlsmateriale frå sakteveksande kyllingrasar har me funne ein rase som høver for økologisk oppdrett i norsk klima. Ein fugl med god robust helse og høg kjøtkvalitet. Høner og hanar lever saman, og hønene vert naturleg befrukta, noko som ikkje lenger er vanleg i kyllingproduksjon. Fuglane veks i eit naturleg tempo, og utviklar ein sterk og frisk beinstruktur med god muskulatur og friske indre organ. Økologisk fôr, uteliv, god plass og god hygiene styrkjer trivsel og helse, og gjer ein unik god smak og kvalitet.

Noregs einaste økologiske kalkun
Homlagarden Black Turkey vert importert som egg frå nøye utvalde produsentar som deler vårt fokus på berekraft og dyrevelferd. Desse har avla fram ein sunn og seintvoksande rase som liknar skogsfugl i utsjånad og er robust i oppdrett, godt tilpassa vårt nordiske klima og miljø. Kalkunane har svært fin kjøtfylde med topp kvalitet og smak, både til bruk som julekalkun, som stykka kjøt eller som foredla varer.

Eige slakteri og pakkeri
Homlagarden har eit eige moderne slakteri og pakkeri der alt er tilrettelagt for stressfri, effektiv og skånsom drift – både for fuglar og arbeidarar! Berekraft og miljø står i forsetet med blant anna varme- og vatngjennvinning, mekanisk rensing av vatnet, og bruk av organiske syrer i reingjeringa. Me leiger hus og arbeidskraft hjå bønder som har lagt ned drifta si i distriktet, og føretar ellers all drift sjølve, inkludert transport. Slik har me full kontroll på at fuglane har det best mogleg gjennom heile si levetid.

Lokalmat

Produsenter

7 Fjell Bryggeri

Aga Sideri

Åkre Gard

Aktiv i Modalen

Alde Sider

Alverhonning

Alverland

Amble Gård

Apal Sideri

Bakstehuset på Ask

Bergen Øko

Bergsdalstunet

Bondens marked

Bratshaug Høylandsfe

Ciderhuset Balholm

Feddie Ocean Distillery

Fjåk Sjokolade

Fjellestad Gardskjøken

Fjordsider

Garden Kolås

Gardsbrenneriet

Hajen Sideri

Hardanger Bryggeri

Hardanger Bygdeysteri

Hardanger Saft og Siderfabrikk

Hardanger Siderprodusentlag

Hardangerbonden

Hardangergutane

Harding Sideri

Haugen Gardsmat

Haugsfrukt

Haust Hardanger

Heimalaga mat frå Pøylo

Heimtun økologisk gardsmat

Helleland Gard

Hille Økologisk Gardsbruk

Homlagarden

Kandal Kjøt

Kandal Ysteri & Gardsmat

Kvestad Sideri

Larsastova

Lofthus Ekspedisjon

Lofthus Sideri

Lynghaugen Bigard

Løvås Gard

Marås Hjort

Mikrogrønt

Molvik Gard

Nordre Solend Gård

Nyyyt