Ciderhuset Balholm
Det kvitkalka huset er omkransa av tre tusen frukttre. Ciderhuset er med i det internasjonale nettverket Economusée, og i kjellaren lagar vi cider etter «metode-tradisjonelle» og destillerer ulike typar fruktbrennevin.

Fakta
Adresse:
Villavegen 14
6899 Balestrand
Kontakt
994 999 81
post@balholm.no
Nettsted
Ciderhuset.no
Kort om Ciderhuset Balholm
Ciderhuset er drive av familien Eitungjerde Høyvik; Eli-Grete og Åge, og neste generasjon Tuba og Gard. Du finn det i Balestrand i Sogn, ein liten spasertur frå kaien og Kviknes Hotel. Det kvitkalka huset er omkransa av tre tusen frukttre. Ciderhuset er med i det internasjonale nettverket Economusée, og i kjellaren lagar vi cider etter «metode-tradisjonelle» og destillerer ulike typar fruktbrennevin.
Balholm er merket vårt for drikke av frukt og bær – laga med ein stor porsjon lidenskap! På sommaren kan du bli med på cidersmaking og lære korleis vi destillerer eller lagar musserande cider på den tradisjonelle måten. Du kan handle i gardsbutikken eller ta eit måltid i restauranten. Vi tek imot grupper heile året til lunsj eller middag, formidling om cider og frukt eller kulturvandring, faglege opplegg og teambygging eller anna moro!
Foto: Sune Eriksen