Smak av Nordhordland UNESCO Biosfære:
I Nordhordland har vi alt som skal til for å kunne skape framtidig livskraftig næring av lokalmat. Vi har historia om landskapet, gardane, havet, menneska, råvarene, oppskriftene, tradisjonane og den handlingsborne kunnskapen.
I Nordhordland har vi alt som skal til for å kunne skape framtidig livskraftig næring av lokalmat. Vi har historia om landskapet, gardane, havet, menneska, råvarene, oppskriftene, tradisjonane og den handlingsborne kunnskapen.
Fakta
Kontakt
48 25 55 30
hildegunn.opdal@regionnordhordland.no
Nettsted
Smak av Nordhordland
Kort om Smak av Nordhordland UNESCO Biosfære:
19. juni 2019 vart Nordhordland utnemnd av UNESCO til eit biosfæreområde. Eit biosfæreområde er eit læringsområde for berekraftig utvikling. Då Nordhordland fekk denne statusen var det ei anerkjenning frå UNESCO om at denne regionen har særskilt gode føresetnader for å utvikle regionen for ei berekraftig framtid. Lokalmatprodusentane har med dette ei viktig rolle i lokalsamfunna, og i biosfæreområdet. Lokal mat og mathandverket utgjer ein stor del av vår identitet. Det at ein nytter mest mogeleg lokale råvarer, og at mykje av produksjonen skjer lokalt, støttar opp om berekraftig matproduksjon og biosfæreområdet sine verdiar. Saman skal vi løfte dette fram, inspirere til meir og drive Nordhordland i ei berekraftig retning. Vi har eit fantastisk mangfald av dyktige lokalmatprodusentar i biosfæreområdet. Næringa bidrar ikkje berre til tilgang på lokale råvarer og lokal mat, men òg til utvikling av landbruksnæringa, bevaring av naturlandskap og ivaretaking av våre mattradisjonar og matkultur.
Smak av Nordhordland UNESCO Biosfære er eit nettverk kor ein skal samle, skape synergiar og verdiskaping mellom aktørar og bedrifter som forvaltar, produserer, leverer og sel lokalmat i sitt daglege virke. Vi er ute etter å byggje merkevara «Smak av Norhordland UNESCO Biosfære», kor vi jobbar med berekraftig matproduksjon frå Nordhordland UNESCO Biosfære.
Les meir om merkevareordninga vår her:
Merkevareordning for lokalmatprodusentar – Nordhordland Biosfære: nordhordlandbiosphere.no
Sjå vore aktørar her: smakavnordhordland.no