Skarbø Gard
Handverk og tradisjon, i eitt med naturen
Handverk og tradisjon, i eitt med naturen
Fakta
Kort om Skarbø Gard
Handverk og tradisjon, i eitt med naturen
Velkomen til garden Skarbø ved Storfjorden på Sunnmøre. Her byggjer åttande generasjon, Kristine og Carlos, på lange tradisjonar og solid handverk for å gi deg uforgløymelege smaksopplevingar.
Vår Sider:
Då vi feira bryllaup på ein fjellgard i Sierra Nevada, fekk vi ei vinpresse i gåve. Dette vart starten på det vesle sidereventyret vårt – vi drog heim og pressa eple frå garden til fersk most, fann fram gamle glasballongar, og sette vår første sider. Alle som fekk smake vart begeistra, og oppfordra oss til å lage meir. Sjølvsagt måtte vi det! Sidrane og eplemostane våre er laga av fine tradisjonssortar, som kvar har sin særeigne smak og si historie.
Våre ostar:
Med den gode, ferske mjølka frå buskapen vår, lagar vi ost i eit nytt ysteri i det hundre år gamle våningshuset. Her tek vi opp att arven frå meieridrift på Skarbø i svunne tider, og byggjer på tradisjonar frå Carlos sin spanske familie, som har lært oss å yste slik det vert gjort oppe i fjellet i Sierra Nevada. Osten vår er blitt godt motteken, og Soleglad fekk bronsemedalje i World Cheese Awards i 2018.