Kandal Ysteri & Gardsmat
Osten vi lagar på garden vår er eit tradisjonsprodukt, frå råvarer til ferdig produkt.
Osten vi lagar på garden vår er eit tradisjonsprodukt, frå råvarer til ferdig produkt.
Fakta
Adresse:
Kandalsvegen 1362
6823 Sandane
Kontakt
954 63 034
kontakt@kandalysteri.no
Nettsted
Kandal Ysteri
Kort om Kandal Ysteri & Gardsmat
I bakkane mellom Skjortefjellet og Breimsvatnet finn du Kandal. Bygda har lange tradisjonar for foredling av mjølk og mellom anna husa ein meieriskule. I dag er det Solveig og Erlend som ystar av mjølk frå eigne geiter i Neretunet. Det er mor og son som held den 130 år gamle tradisjonen i hevd.
Osten vi lagar på garden vår er eit tradisjonsprodukt, frå råvarer til ferdig produkt. Alle prosessane skjer her på garden. Mjølka kjem frå våre eigne geiter, og alt frå mjølking, separering, løyping og koking er gjort på tradisjonelt vis. I 2021 vann vi gull i norsk gardsost, og vi sett pris på at andre ser den kjærleiken vi legg i å levere smakfull, tradisjonell brunost. Denne utmerkinga er ein god bekreftelse på det vi sjølve og mange rundt oss seier og tykkjer om osten. Det betyr mykje å få det bekrefta av dei beste fagfolk i Noreg. Besøk gjerne ysteriet, som ligg spektakulært og naturskjønt til like ved ein hemmeleg foss omgjeven av nysgjerrige geiter og sauer.