Hardanger Bygdeysteri
Hardanger Bygdeysteri er eit ysteri i Øystese, eigd og drive av lokale bønder
Hardanger Bygdeysteri er eit ysteri i Øystese, eigd og drive av lokale bønder
Fakta
Kort om Hardanger Bygdeysteri
Hardanger Bygdeysteri er eit ysteri i Øystese, eigd og drive av lokale bønder. Mjølkebønder frå 13 gardar skipa eige ysteri i det tidlegare meieriet. Meieribygget er blitt til Mathuset Hardanger og husar både ysteri, bryggeri og gardsmatbutikk. Me lager no Hardanger steikeost i fleire smaksvariantar, Ricotta og Kremost. Meir på gang!
Hardanger steikeost er ein halloumi-type, ein ost som skal steikast eller grillast. Del den i skiver, steik nokre minutt på panna, den smeltar ikkje – nytast varm. Høver som erstatning for kjøt, og er god både til salat, burger, på brødskiva, mm. Røykt steikeost har ein mild, naturleg smak av røykt gråor. Gråor er tradisjonelt mykje nytta til røyking av mat i Hardanger.
Me tek i mot grupper på omvising og ostesmaking i Skummesalen – vårt særeigne visningslokale. Kan tilby lunsj til større grupper.