Osterøy ysteri og småfeprodukt
Me ynskjer å drive berekraftig og å best mogleg nytte dei ressursane garden kan gje heime og ved stølen i fjellet
Me ynskjer å drive berekraftig og å best mogleg nytte dei ressursane garden kan gje heime og ved stølen i fjellet
Fakta
Adresse:
Bernesvika 65, 5283 Fotlandsvåg
Telefon
957 79 801, 905 30 939, 976 82 629
Nettsted
osteroyysteri
Kort om Osterøy ysteri og småfeprodukt
Velkomen til Lars, Berit og dotter Guri på Osterøy, på Bernes eller på stølen i Tyssebotn.
Me driv eit familiegardsbruk med ysteri og produksjonslokale og driv støl. Me har norsk mjølkegeit og sau av rasen gammal norsk spælsau og ynskjer å drive berekraftig og å best mogleg nytte dei ressursane garden kan gje heime og ved stølen i fjellet.
Me lagar handverksmat av egne råvarer av mjølk og kjøt. Guri er nå 5. generasjons yster, pølsemakar og tradisjonsberar i familien.
Noreg gror att av skog og kratt og me ser det viktigare enn nokon gong å ha beitedyr for å halde kulturlandskapet ved like. Difor får både sauane og geitene våre være ute på beite i skog og mark så mykje som mogleg. Det gjer og at dyra våre har ei svært god helse og har ein god trivnad. Om sommaren held me til på stølen i Tyssebotn og både folk og dyr nyter fjell-livet. Geitene er flinke og kjem heim til mjølking morgon og kveld. Om det er dårlig vær kan de få være inne i ein tørr og lun flor eller de ligg og soler seg på svabergene ved eit fjellvatn i finværet. Sauene trekker om sommaren opp til Høgafjellet, det høgste fjellet på Osterøy.
Me sel ekte brun geitost – spekepølse av geit – fenalår – morrpølse – saueskinn – ull og garn.
Avhengig av sesong kan vi og tilby pinnekjøt, ferskt kjøt frå kje og lam og sesongvarer frå eigen hage og naturen rundt garden.