Långesteinen
Hei! Vi er Line Valle og Tore Andre Sines og bur på garden Valle, om lag midt mellom Seim og Lygra. Garden har vore drifta av familien i 6 generasjonar og vi overtok i 2020.
Hei! Vi er Line Valle og Tore Andre Sines og bur på garden Valle, om lag midt mellom Seim og Lygra. Garden har vore drifta av familien i 6 generasjonar og vi overtok i 2020.
Fakta
Adresse:
Lurevegen 665
5912 Seim
Telefon
Tore Andre: 915 75 450
Line: 992 94 474
Instagram
@langesteinen
Kort om Långesteinen
Hei! Vi er Line Valle og Tore Andre Sines og bur på garden Valle, om lag midt mellom Seim og Lygra. Garden har vore drifta av familien i 6 generasjonar og vi overtok i 2020. Det er viktig for oss å halde garden og landskapet i hevd. Difor har vi starta opp med den bevaringsverdige geiterasen vestlandsk kystgeit. Dei er supre beiteryddarar og held landskapet ope. Kystgeita likar best å vere ute heile året og er kun inne ei lita periode i kjeinga. Frå den første starten med 4 geit er det no 25 kystgeit som bidrar til eit vakkert kulturlandskap.
I tillegg til å starte opp med geitehald har vi også dyrka opp eit gammalt beiteområde og planta nærmare 200 honningbærbuskar. Med god hjelp frå birøktar har vi også hatt bier knytt til honningbærfeltet. Dette har resultert i ein særeigen honning som vi gjerne vil auke produksjonen av etter kvart.