Lofthus Sideri
Vi lagar eksklusiv musserande sider – kortreist, produsert med kjærleik og omhug, stolt og rein. Nyt vel!
Vi lagar eksklusiv musserande sider – kortreist, produsert med kjærleik og omhug, stolt og rein. Nyt vel!
Fakta
Adresse:
Lofthusvegen 49
5781 Lofthus
Kontakt
988 18 456
post@lofthus-sideri.no
Nettsted
Lofthus Sideri
Kort om Lofthus Sideri
Lofthus sideri er fire nabobruk på Lofthus som i lag freistar å laga god eplejuice og sider.
I bratte skråningar dyrkar me epla våre, solrikt til vendt mot sørvest. I lag med eit godt jordsmonn og gunstig klima med lange sommardagar gjev dette epla den søte og syrlege smaken som er så viktig for ein god eplejuice, og ikkje minst, ein god sider.
Lofthus sideri lagar fire typar sider, Gaum, Drøs, Fjåg og Kvelve. Alle er laga på reine eplesortar og er halvtørre og tørre typar. Når epla er pressa til juice vert sukker og gjær tilsett, prosessen er i gang. Sukker vert til alkohol, og smaken kjem fram. Prosessen skjer under kontrollerte tilhøve, der alkoholstyrken vert bestemt på førehand. Når sideren har fått rett balanse av syre, sødme og eple, vert prosessen stoppa og flaska. Kvelve juice er 100% rein eplejuice. Alle pressepla er plukka direkte frå trea, og vert pressa og pasteurisert rett etter hausting.