Ølmheim Siderhage
Me er Sigrid og Endre, og me lagar sider. I Sogn!
Me er Sigrid og Endre, og me lagar sider. I Sogn!
Fakta
Kort om Ølmheim Siderhage
I siderhagen på Ølmheim blir det pressa og tappa og gjæra og lagra. Den smaken vil me dele med deg. Garden har vore i familien i godt over 300 år. Frukt har me alltid hatt, no serverast ho også på flaske.
Me lager tre siderar. Ein stille sider som er utan bobler, tørr og smaker som nyplukka eple. Så ein pét nat som er tappa på flaske før gjæringa er ferdig og er ferdiggjæra på flaskene. Den har litt bobler og smaker som friske eple med innslag av litt gjær. Uklar.
Den siste sideren er laga på tradisjonell metode, som betyr andregongsgjæra på flaske. Den har lagd eit år på gjær, før me fjerna gjæren manuelt med degorgering. Den har mykje bobler, smaker av eple, citrus og meir moden fruktaroma. Alle våre siderar er tørre.
Me har ope gardsutsal måndag til laurdag heile året. Det er også mogleg å bestille smaking og omvisning. Ta kontakt.