Skøssn Gard
Fakta
Kort om Skøssn Gard
Skøssn Gard på Skotsund i Alver kommune har vore i same familie sidan 1794, og vert i dag driven av Karin Feste og Svein Kvamme. Karin og Svein overtok garden i 2014, og det blei tidleg kjøpt inn kasjmirgeit for å rydda i busker og kratt då det ikkje hadde vore dyrehald på garden sidan slutten av 70-tallet. Etterkvart har geitebestanden sakte men sikkert økt, og i dag er det 14 vinterfôra geiter på garden.
I 2019 starta me rydding av gjengrodd inn og utmark for planting av frukttre, og me har i dag 850 epletre i tillegg til noko plomme og morelltre. I løpet av dei neste to åra vil me planta 500-600 nye epletre. Hovudsortene av eple er Discovery og Aroma, men me har og ein del Nanna som er ein tidleg sort, og Rubinstep som er ein seinare sort.
I 2022 er me DEBIO-sertifisert og frå hausten 2022 sel me økologiske eple og plomme til konsum, og foredla produkt frå eple. T.d. produkt som råsaft (nypressa frå eple), eplemost på 0,7l flaske og 3l kartong, sider, syltetøy m.m. Me sel også Kasjmirulla frå geitene våre, denne ulla leverer me til Telespinn og får nydeleg mjukt garn i retur som me har for sal i tillegg til livdyr, skinn og kjøt frå geit og kje.