Skjerdal Stølsysteri og kafé
Garden ligg i Aurland kommune, på ei fjellhylle med oversyn over Aurlandsfjorden og inn til Flåm.
Garden ligg i Aurland kommune, på ei fjellhylle med oversyn over Aurlandsfjorden og inn til Flåm.
Fakta
Kort om Skjerdal Stølsysteri og kafé
Garden Skjerdal er eit typisk familiebruk på Vestlandet, drive av Anne Karin Hatling og Harald Skjerdal. Vi driv allsidig økologisk landbruk med husdyr og litt frukt. Geitene er hovednæringa på garden. I tillegg har vi sauer og ein dølahest, som likar seg godt når ho får gå i utmarka heile sommaren. Hestane brukar vi til kløvjing av ved og ost om sommaren, men for det meste lever dei det gode liv. I den bratte fjellsida ned mot fjorden har vi eple- og morelltre og sommarhuset Bygningen.
Garden er brattlendt, og vi har om lag 70 mål med innmark. Det meste av slåttearealet er natureng. I dalane bak Skjerdal har vi store fjellområde med gode beite for sau og geit. I august bufører vi geitene til fjells, til Øystølen, der vi driv stølsdrift på ”gamlemåten” med ysting og koking av brunost. Då er det hestane som står for transporten av ved og proviant til stølen.
Om sommaren er det eit yrande liv på vollen ved stølsysteriet på Leim. Harald syt for slåtten saman med dreng og døtrene når dei er heime på ferie, og Anne Karin og budeiene ystar ost og tek i mot gjester på stølsysteriet. Slik lev tradisjonane for brattlendt gardsdrift og ysting vidare over Aurlandsfjorden.